Vi har eit samtaleprogram som er lagt til rette for ungdom som er tatt for nasking.
Ungdom naskar. Det skjer på Sartor Storsenter og det skjer andre stader. Samfunnet aksepterer ikkje dette og sanskjonerer med straff.
For å ta eit positivt grep når ungdom har naska, har Øygarden lensmannskontor, Sartor Storsenter, Nokas, Barnevernet og Basecamp eit samarbeid om samtaleprogrammet “Det som ikkje skulle skje.” Dette er eit program som er utvikla lokalt, kor målet er å legge til rette for refleksjon, oppgjer, forsoning og nyorientering.
Ta kontakt med Eli om du ynskjer å vite meir om dette samtaleprogrammet.