Basecamp Repro tilbyr alternativ skuledag kor elevar får arbeide med praktiske oppgåver på sykkelverkstaden eller redesignverkstaden.
Alternativ skuledag
På Basecamp Repro tilbyr vi alternativ skuledag til skuleelevar fortrinnsvis til ungdomsskuleelevar. Her får elevane eit avbrekk frå den vanlege skulekvardagen, medan dei får arbeide praktisk med hendene på sykkelverkstaden eller redesignverkstaden.
Stikkord for alternativ skuledag er trivsel, mestring og tilpassa opplærng. Opplæringa vert gitt med utgangspunkt i kompetansemål som er hente frå dei forskjellige faga i den vanlige læreplanen.
Ta kontakt med Eli om du ynskjer å vite meir om Basecamp Repro eller søke om plass.