Foreininga Basecamp ungdomsdiakontiltak er eit rus- og kriminalitetsforebyggande tiltak for ungdom mellom 13-25 år på Sartor Storsenter i Øygarden kommune.
Målgruppa er ungdom som oppheld seg mykje på Sartor Storsenter og ikkje deltar i anna organisert ungdomsarbeid. Visjonen til Basecamp er: “Vi vil bidra til å realisere draumen til ungdom om eit godt liv!”
Foreininga Basecamp ungdomsdiakontiltak har tre medlemmer:
- Sartor Storsenter
- Øygarden kommune
- Øygarden kyrkjelege fellesråd.
Vi er finansiert av eigarane våre, prosjektmidlar og gåver som vi mottar frå andre. Basecamp har i dag seks ansatte, og verksemda vert leda av ungdomsdiakon/dagleg leiar. Vi er kvar veke i kontakt med mange ungdomar i Øygarden kommune som treng hjelp av forskjellig art, og som har ein tøffare kvardag enn ungdomar flest.
Verdigrunnlaget til Basecamp er:
- Nestekjærleik
- Vørnad (verdighet)
- Medmenneskeleg omsorg
- Inkluderande fellesskap.
For å nå desse verdiane har dei som arbeidar ved Basecamp som mål å vere:
- Dristig inkluderande
- Opent inviterande
- Aktivt nærverande
- Frimodig utfordrande
- Omsorgsfullt ivaretakande
Vi er stolt av det vi gjer, og veit at vi betyr ein forskjell i mange ungdomars liv.